ALBUMCOVER

Planen for veke 49 og 50 var at vi skulle jobbe med å lage eit albumcover, både forside og bakside. Albumet skal inkludere bileter – som er redigert i Photoshop, logo – laga i Illustrator og til slutt skal alt settes saman i InDesign. Eit anna krav var at vi skulle velje ut ei eller fleire trendar for 1028 grafisk design: https://graphicmama.com/blog/graphic-design-trends-2018/. Etter ei veke skulle vi legge ut det vi har gjort, på ”Konstruktiv kritikk” – gruppa på Facebook.

IDEARBEIDSPROSESSEN/INSPIRASJON:

Det eg brukte mest tid på var å finne inspirasjon – andre album eg synes var kule. Då brukte eg for det meste Pinterest.com, fordi eg synes det kjem betre bileter her enn på Google bileter. Alle dei første timane på skulen + timer heime, satt eg og laga skisser og leita etter inspirasjon. Eg laga ei skisse først som eg var svært fornøyd med, men ettersom vi var fortalt heile vegen at vi ikkje skulle velje den første ideen, fortsette eg å leite etter inspirasjon. Eg likte ideen min godt, så eg synes det skulle bli vanskelig å finne på nye ideer. Så kom eg på to til, men dei likte eg ikkje så godt, for eg fekk ikkje fram bodskapet mitt med bilete eller farger. Etter ei stund med litt til research, teikna eg ei skisse som eg likte. Denne passa til bodskapet mitt også, sjølv om eg forandra litt på det, når eg kom meir inn i oppgåva. Sjølv om eg ikkje følgte skissa mi heilt korrrekt og at eg forandra på bodskapet, var det mykje lettare å ta bilete når eg visste korleis eg ville at det skulle sjå ut. Først ville eg at boksapet skulle handle om krig og elendigheit, men så synes eg det blei for trist, så eg skifta tema. Eg ville heller få fram glede, og vise at sjølv om noko ser mørkt ut, vil det ein eller annen gang bli bra – få eit litt meir positivt bodskap.

INSPIRASJONSBILETER:

 

SKISSER:

Skjermbilde 2017-12-22 kl. 22.26.13

SJANGER:

Eg ville at albumet mitt skulle vere sjangeren pop, fordi eg synes det ville passa bra med trendene eg skulle bruke. Då måtte eg gjere litt research innanfor sjangeren. Popmusikk er eklektisk og låner jevnlig elementer fra andre musikkstiler, det være samtidig urban musikk, dansemusikk, rock, latin, og country, men det er uansett en rekke kjerneelementer som definerer popmusikk. Pop har vanligvis en stil rettet mot bredest mulig publikum og som skal aksepteres av de fleste. Musikken er gjerne korte låter, og musikken er fengende og enkle. Flere hiphop-artister/-grupper og rockeband har laget en mykere og mer publikumsorientert, pop-inspirert, fengende spillestil enn disse sjangrene vanligvis forbindes med.” https://no.wikipedia.org/wiki/Popmusikk . Eg forbindar pop-musikk med moderne musikk, musikk som flest ungdom høyrer på. Pop-musikk er den sjangeren som er mest populær blant mine venner, og eg valte denne sjangeren, fordi det er det eg kan mest om, og det er høyrer på sjølv.

BODSKAP OG BETYDNINGER

Som sagt, skulle eg eigentleg ha eit viktig og trist tema, men eg ombestemte meg, fordi eg følte det blei litt for trist. Eg liker ikkje å spre trist eller negativ stemning, sjølv om krig og elendigheit er eit viktig tema, var det ikkje på denne måten eg ville framstille det. Personleg blir eg lei meg når eg høyrer på trist musikk, og eg synes ikkje at det bodskapet passa til meg. Derfor teikna eg ein ny ide, med eit positivt bodskap.  Eg ville fortsatt på fram noko viktig, men på ein anna måte. Bodskapet på albumet mitt er at sjølv om det ser mørkt ut, er det alltid ein lys ende ein plass. Du må berre nyte alle små øyeblikk med folk du er glad i, og å sette pris på alt å alle rundt deg. Det er her tittelen kommer frem, ”Enjoy” som står for at ein må nyte livet.

Skyggen på den eine siden av modellen skal nettopp symbolisere dette. Ei mørk og ei lys side – at ein alltid kjem til å møte den lyse siden. Ser du nøye etter, kan du sjå at det er eit lite hint av eit smil på den mørke siden – eit hint om håp. Eg valte fargane gul, gull, grå fordi: GUL symboliserer: Kreativitet, intellektualitet, visdom, glede, lykke, klarhet og bevisstheit. GULL symboliserer: Velstand, god helse, optimisme, suksess og solen. GRÅ symboliserer: Vennskap, trygghet, ansvarlighet og konservativitet. Eg valte fargane fordi dei passar svært godt til det bodskapet eg vil formide. For å få tydelig fram desse fargane, hadde modellen gul øyenskugge, gule øyredobber og gull og grå(sølv) konfetti + gull hjerter i kinna. Eg synes også desse fargane passar til modellen sin hårfarge og hudfarge. Sangane har ein meining, og kvar sang begynner med bokstav frå enjoy, og det er derfor eg berre har 5 sanger. E=enjoyment, N=natural, J=jovial, O=original, Y=young –> ENJOY. Sangene har ein meining også, men eg vil at den som høyrer sjølv skal lage seg meining om kva sangane skal bety, for dei. ”Original” er hovudsangen, sjølv om albumet heiter ”Enjoy” og det er ein sang som heiter ”Enjoyment”, ville eg ha ”Original” til hovudsang (sidan eg synes det er eit fint ord og bodskap i ordet). Derfor har eg ein ”O” på baksiden, for å symbolisere sangen ”Original”. Eg synes dette passer både pga sangen og fordi ideen er original. Eg meinar ideen er original fordi eg har skreve sangtekstangel rundt ein sirkel, i motsetning til nedover, som er det vanlge. O´en symboliserer også fregnene til Sanne, og fregner symbilserer: ”Fregner vil aldri mistes permanent, men har en tendens til å bli svakere”, noko som passer til tema – det mørke vil aldri forsvinne (miste permanent), men den har ein tendens til å bli svakere. Altså at det triste og mørke har ein tendens til å bli lysere. E´en inni o´en symboliserer ”e” i enjoy, og E i namnet mitt, Eili som er artisten. (Eg fann denne fonten på Pinterest, ved å søke på ”Confetti fonts”.

Fontane eg har valt har eg valt fordi dei passar til bodskapet. Eg har laga ”enjoy” på Illustartor, ved å bruke ”Artistic Paintbrush”. Eg skreiv for hand, slik at det skal vise at livet ikkje er heilt perfekt (ei font er ofte perfekt), men at livet er litt tilfeldig, likt som ”Enjoy” (skrevet for hand). Eg ville at fonta til sangane skulle passe tittelen, så eg fann ei font på dafont.com, som er synes var fin og veldig lik. E´en i sirkelen symboliserer at livet er rotete. Det er mønsteret inni fonten som symboliserer dette, fordi det er eit rotete (men fint) mønster. Mønsteret kan også symbolisere konfetti. På denne måten tar eg elementer frå framsida igjen i baksida, og det skaper enhet. Eg tar også igjen dei same fargane. Fargen på O´en og E´en er same fargen som bakgrunnen på framsida + fargen kan likne på sølv – som er brukt i konfettien, og den kvite skrifta er same frage som t-skjorta til modellen.

Eg følar at eg har tatt i bruk meir enn ein av trendane. ”Hovud-trenden” eg valte var ”Metallic elements” – ”As an addition to bright colors, metallic elements enter the world of graphic design to create the “Wow” effect. Often combined with other hot trends such as 3D compositions and creative typography, this trend brings the effect of a real-life composition.” Eg har brukt gull effekt i tittelen på albumet og bakgrunnen til baksida. Eg føler også at eg er innanfor trenden ”Creative typography” og ”Typography as Real Life Elements”. Eg vil seie at tittelen er kreativ og unik, spesielt med gullfargen. Eg synes også at E´en er kreativ med alle formane og detaljene. O´en er på ein måte typografi i ekte elementer, fordi bakgrunnen er eit bilete (lovlig frå https://www.pexels.com). Ekte bilde + typografi = Typography as Real Life Elements.

Skjermbilde 2017-12-20 kl. 11.03.28Skjermbilde 2017-12-20 kl. 11.03.16Skjermbilde 2017-12-20 kl. 11.03.05

Eg føler eg treffer sjanger og målgruppe (ungdom) med alle elementene + den eine sangen heiter ”Young”, altså ”ung”, noko eg gjorde bevist.

LYSOPPSETT/KAMERABRUK/REDIGERING:

 For at eg skulle få skygge på eine sida av modellen, brukte eg ”One Light” lysoppsett i studio. Dette gjer at det blir lyst der eg plaserer lyset, også blir det skygge på den andre siden. Kamerainnstillingene var: lukkertid på 1/200, blenderåpning på F9.0 og ISO på 100.

Eg redigerte bilete av modellen i Photoshop. Det eg gjorde var å justere på ”Brightness – Contrast” på modell, bakgrunn og øyne. Eg justerte på dette mange ganger for å få det så lyst som mogleg på øynene og bakgrunnen. Eg justerte også på ”Hue/Saturation”, ved å velje fargen gul, for så å gjere gulfargen på øyredobbane, øyenskuggen og konfettien skarpare og tydeligare. ”Enjoy” laga eg som sakt i Illustrator, og sette alt saman i InDesign med bilete, logo, tekst og elementer. I InDesign passer eg på at alt passar bra, og at det som skal gå vannrett går vannrett – eg bruke ”Rulers” her for at det skal bli heilt perfekt.

 

Skjermbilde 2017-12-20 kl. 10.57.32

KEBB = komposisjonsprinsippene

 K = kontrast motsetning eller forskjell – harmoni, liv, fremheving, dynamikk, spenning, proposisjon, størrelse, form, farge

E = enhet at alt skal passe bra saman – balanse, kontraster, bevegelser, rytme, symmetri/asymmetri

B = bevegelseskaper liv, oversikt, orden og system – tyngde, linjer

B = balanse skaper tryggheit, ro, hermoni

KEBB I MITT DESIGN:

Skjermbilde 2017-12-19 kl. 10.54.45

Man bruker KEBB innanfor mediefaget. Grunnen til vi bruker det, er fordi det er KEBB som gjer eit deisgn om til ein helheit. Tenk deg korleis eit design ville sjå ut om det ikkje var noko kontrast i t.d. farger eller størrelse, eller om det ikkje hadde vert noko balanse mellom elementa. Det hadde sitt svært rotete ut. KEBB gjer at alt i designet heng saman, og at designet blir ryddig.

RESULTAT:


Skjermbilde 2017-12-18 kl. 21.56.10

MOCK-UP

Skjermbilde 2017-12-19 kl. 11.09.15

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s